Oioioi, plutselig er siste linjetur over! Rart. Og trist!
Mandag til onsdag var Villmark og FBI på seiltur, på Sørlandet (kanskje verdens finaste plass). Me seila ut frå Grimstad, med seilskuta "Solrik" mandag føremiddag. Med Ben (ein kul fyr) som kaptein/skipper og (ein-mann-eg-ikkje-hugsar-namnet-på) som kokk. Veldig gøygøy tur.
Første dag var det finfint vèr og me segla til Tvedestrand, og la oss på ei øy, som heitte Furuholmen. Dagen etter var me innom Tvedestrand, før me drog vidare til Lyngør og tilbake igjen til Arendal, kor me sov andra natta. På nettene såv me ca 25 (kanskje) stk på banjern (duogdu, eg er god på båtuttrykk!) - eit ganske lite rom, til så mange. Me stabla oss i køysenger og hengekøyer. GØY! Onsdagen drog me tilbake til Grimstad igjen.
Ben ønske oss velkommen

Første dag var det veldig finfint vèr. Andre dagen og. I alle fall halve. Andre halvdel regna det.

Kristian og Torbjørn Andreas



Tysdagsmorgon traff me på nokon søte-søte geiter då me skulle ete frokost.

Tvedestrand

Her skulle seglet pakkast saman.

Nå bør eg vel kanskje nemna, at Emma Lise ikkje er veldigveldig flinkflink når det gjeld båtuttrykk. Meen, eg lærte - overraskande nok - nokon. Hurra!
Bare sjå her:
Akter = bak i båten
Forut = framme i båten
Babor = venstre side av båten
Styrbor = høgre sida av båten
"Kom opp" = slepp tauet
Banjern = det rommet me kunne opphalda oss i, og sov i.
Byssa = kjøkkenet (deeeet visste eg jooo, eg har jo sett Kaptein Sabeltann)
(At eg måtte bruke google for å vera heilt sikker på om eg no skreiv rett (noko eg ikkje hadde...), treng eg ikkje fortelje til nokon! :) )